Søknad om halltid

Fleirbrukshallen i Eikelandsosen skal etter planen opna i januar 2019. Idrettslag, frivillige organisasjonar, institusjonar og andre som vil ha tid til trening og aktivitet i hallen, kan no søkja om å få plass i første halvår 2019. Søknad skal fremjast på eige søknadsskjema (PDF, 463 kB). Søknadsfrist: 1. november.

Fleirbrukshallen i Eikelandsosen skal etter planen opna i januar 2019. I hallen vil det vere til utlån:

ein idrettshall som kan delast inn i 3 gymnastikksalar
styrketreningsrom
klatrehall
møterom/ fellesrom  i ulike storleikar
 
Idrettslag, frivillige organisasjonar, institusjonar og andre som vil ha tid til trening og aktivitet i hallen kan no søkja om å få plass i første halvår 2019. I vedlagt spørjeskjema kan de melda tilbake kor mange timar de ønskjer å disponera per veke eller månad, kva for klokkeslett og kor mange dagar i veka eller månaden de har behov for. Hugs å presisera kva for idrett det gjeld, kor mange parti de skal ha og treningstidene kvart parti har behov for. 
 
Svarfrist er 1. november og søknad skal sendast til post@fusa.kommune.no eller Fusa kommune, boks 24, 5649 Eikelandsosen
 
Fusa idrettsråd vil tildela faste treningstider etter innstilling frå kulturkontoret. Utleigevilkåra vil ikkje vera endeleg på plass før kommunestyret har vedteke kommunebudsjettet i desember. Her vil det bli bestemt kva prisar og prinsipp som gjeld for utlån og utleige.  
 
Treningstidene kan bli justert i forhold til når det går bussar, når skulen sluttar og liknande. Det vert truleg vanskeleg å oppfylla alle førstevala for treningsdag og tid. Det er difor viktig at de oppgjev kva alternative dagar og tider de ønskjer.
 
Har de spørsmål kan de ta kontakt med aktivitetskoordinator Embla Helland eller kulturleiar Erik Vangsnes:
Embla Helland: e-post: embla.helland@fusa.kommune.no, telefon 97473186
Erik Vangsnes: e-post: erik.vangsnes@fusa.kommune.no, telefon 47277146
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30