Skulestruktur på høyring

Fleirtalet i Fusa formannskap har i møte 24. januar vedteke å leggja ulike alternativ til skulestruktur og framtidig skulestad for Hålandsdalen, Eikelandsosen, Fusa og Strandvik krinsar ut til høyring. Høyringsfristen er 21. februar

Formannskapsvedtaket

Formannskapet gjorde i sak 002/13 slikt vedtak: "Fusa formannskap viser til saksframstilling frå rådmannen og legg ut til høyring dei alternativ som er utgreia. Formannskapet vil presisera at ein ønskjer høyring på dei ulike alternativ med ulik skulestad, dvs både Eikelandsosen, Holdhus, Strandvik og Fusa. Høyringsfrist vert sett til 21.02.13."

Forskrifter

Mottakarane av høyringsdokumentet må merka seg at formannskapet ønskjer høyring på alle alternativa med alle nemnde skulestader. Dette er innarbeida i dei ulike forskriftstekstane knytta til dei ulike alternativa. Forskriftene er ein del av høyringa.
 

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30