Skjenkekurs 23. oktober

Det vert skjenkekurs for vakter, skjenkestyrarar og huseigar/styrerepresentantar – og andre interesserte, måndag 23. oktober kl 18.00 - 21.00 i Strandvik grendahus.

 Skjenkekurs

I samarbeid med politiet og skjenkekontrollen gjennomfører kommunen årlege skjenkekurs for sikra nødvendige kunnskapar i alkoholregelverket – andre tema er beredskap og konfliktløysing.
 
Fusa kommune har i ruspolitisk handlingsplan for perioden 2017 – 30.09.2020  vidareført ordninga med å gje einskild skjenkeløyve til huseigar v/styret ved arrangement i forsamlingslokalet. Forsamlingslokalet v/styret er då løyvehavar, og huset vert då «skjenkestad for ein kveld». Det er løyvehavar som har hovudansvaret for at ein følgjer alkoholregelverket. 
 


Rusfrie arrangement

Det vert ekstra fokus på rusfrie arrangement for dei under 18 år. Korleis gjennomføra rusfrie arrangement  for ungdom, vert også  ein del av skjenkekursa. Forsamlingslokala vert i dag nytta til arrangement både med og utan skjenking. Kompetanseheving er difor viktig for å førebyggja brot på alkohollova og gje ungdommen rusfrie møteplassar.
 
Har du spørsmål, ta kontakt på tlf. 404 15 558 eller per epost til gst@fusa.kommune.no
 
 

Ruspolitisk handlingsplan

Meir informasjon i ruspolitisk handlingsplan (PDF, 248 kB) for perioden 2017–30.09.2020 med gjeldande retningsliner (PDF, 59 kB).
 
 

Påmelding

Alle interesserte kan melda seg på opplæringa. Påmeldingsfrist: måndag 23. oktober  kl 10.00.
 
Påmelding til: post@fusa.kommune.no eller tlf. 56580100. 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 20.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30