Samnøy industriområde - varsel om oppstart av planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-9 blir det varsla oppstart av områderegulering og offentleg ettersyn av planprogram for Samnøy industriområde.

Utval for plan og miljø gjorde 01.06.2017 i sak 045/2017 vedtak om å legge planprogram for områderegulering for Samnøy industriområde ut til offentleg ettersyn. Utvalet gjorde samstundes vedtak om oppstart av planarbeidet.

Føremålet med planarbeidet er å avklare plassering av regional tømmerkai, sagbruk, industriområde og tilkomstveg innanfor planområdet. Det vil i planarbeidet og bli vurdert trafikksikring langs Fv 125 Holsundvegen. Planområdet er på omlag 2 000 daa, der 800 daa i sjø og 1200 daa på land. Ein vil ved varsel om oppstart av planarbeidet ta med eit større område enn naudsynt. Dette for å sikre tilstrekkeleg areal for vurdering av industriområde og tilkomstveg. Planområdet vil bli vurdert redusert i løpet av planprosessen.

Det er vurdert at planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing jf. Plan- og bygningslova §4-1. Vidare skal planomtalen gje ei særskilt vurdering – konsekvensutgreiing – av planen sine verknader for miljø og samfunn jf. Plan- og bygningslova § 4-2. Formålet med ei konsekvensutgreiing er å få klarlagt verknaden av tiltak som kan ha vesentlege verknader for miljø, naturressursar og samfunn for reguleringsplanen. Konsekvensutgreiinga vil bli gjennomført med grunnlag i vedteke planprogram
Planområdet er i gjeldande kommuneplan sett av til LNF-område og næringsareal. Sjøarealet er mot vest sett av til akvakultur og mot aust sett av til bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone.
 
Fusa kommune er tiltakshavar for planarbeidet. ABO Plan & Arkitektur AS er utførande plankonsulent.
 
Informasjonsmøte
I samband med offentleg ettersyn av forslag til planprogram og varsel om oppstart av planarbeid, vert det
invitert til informasjonsmøte vedkommande planarbeidet.
Møtet vil bli arrangert på Nore Fusa skule 26.06.2017 kl. 19:00.
 
Frist for innspel og merknader
Frist for innspel og merknader til offentleg ettersyn av forslag til planprogram og varsel om oppstart
av planarbeidet vert sett til 01.08.2017. Det er viktig at ein ved innspel og merknader skil mellom merknader til
planprogrammet og merknader til varsel om oppstart av planarbeidet. Innspel og merknader skal framsettast
skriftleg og sendast til:
 
Fusa kommune
Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Eller e-post:
 
For nærare informasjon kan spørsmål rettast til:
ABO Plan & Arkitektur AS v/Ola Klyve Dalland
e-post: ola@abo-ark.no
tlf.: 900 21 198
På heimesida: www.abo-ark.no – under Nabovarsler – Reguleringsplaner/Høringer er det tilgang til
digitale kartutsnitt, forslag til planprogram og utlysingsteksten. 
 
Vidare arbeid
Etter at fristen for merknader er gått ut vil merknader verte oppsummert og kommentert. Planprogrammet skal
etter høyring fastsetjast av kommunestyret og vil vere førande for vidare arbeide med planforslaget. Når
reguleringsplanen er ferdig utarbeidd, vil planforslaget bli førstegongs handsama i Fusa kommune og lagt ut til
offentleg ettersyn. Det vil då vera mogleg å koma med innspel og uttalar til det utarbeidde planforslaget før vidare politisk handsaming.
 
Vedlegg
 
Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 13.06.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30