Reguleringsplanen for Strandvik bygdepark er godkjend

Fusa kommunestyre har i møte 11.04.2019 godkjend detaljregulering for Strandvik bygdepark. Vedtaket er fatta i medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-12. Det kan klagast på vedtaket, jf. pbl § 1-9. Klagefrist: 23.06.2019.

Hovudmålet med reguleringsplanen er parkområde, utbetring av trafikksituasjonen i Strandvik sentrum og sikring av Vikaelva, som renn gjennom sentrumsområdet.

Oppstart av planarbeidet vart vedteke i Utval for plan og miljø 01.06.2017. Arbeidet med parken byggjer på deler av eit LivOGLyst-prosjekt som vart gjennomført for Strandvik sentrum i 2012.

Sjå vedtak og plan:

Andre vedlegg:

Godkjend plan er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Klager

Berørte partar, naboar og grunneigarar kan klaga innan 23.06.2019. Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Fusa kommune:

  • E-post: post@fusa.kommune.no
  • Brev: Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.05.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30