Reguleringsplanen for Sævareid fiskeanlegg AS og Sævareid sentrum er godkjend

Fusa kommunestyre har i møte 11.04.2019 godkjend detaljregulering for Sævareid fiskeanlegg AS og Sævareid sentrum. Vedtaket er fatta i medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-12. Det kan klagast på vedtaket, jf. pbl § 1-9. Klagefrist: 23.06.2019.

Føremålet med planen er å regulera eksisterande næringsareal for Sævareid fiskeanlegg  AS, slik at dette vert i tråd med dagens bruk, og å sikra nødvendige planavklaringar for både anleggs- og driftsfase. Det vert mellom anna regulert for nytt anlegg i fjellhallar og for andre nødvendige infrastrukturtiltak.

Tidleg i planfasen vart det vedteke at Sævareid sentrum skulle takast med i planområdet. Målet var å styrkja sentrum ved å oppretthalda møteplassar og dagens funksjonar med butikk, bustadar og infrastruktur.

Sjå vedtak og plan:

Andre vedlegg:

Godkjend plan er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Klager

Berørte partar, naboar og grunneigarar kan klaga innan 23.06.2019. Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Fusa kommune:

  • E-post: post@fusa.kommune.no
  • Brev: Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30