Reguleringsplanen for Nedre Stallabrotet bustadfelt er godkjend

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-12 har kommunestyret i Fusa 13.12.2018 godkjend detaljregulering av Stallabrotet nedre, bustadfelt. Planen legg til rette for tre hus i rekke og to tomannsbustadar med moglegheit for kjellarhusvære. Planen erstattar delar av ein eldre plan for Stallabrotet. Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan kan påklagast, jf. PBL § 1-9. Klagefrist: 18.02.2019.

Sjå vedtak og plan for gnr. 20 bnr. 76 m.fl.. – Lundervik:

Andre vedlegg:

Godkjend plan er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Klager

Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Fusa kommune innan 18.02.2019:

  • E-post: post@fusa.kommune.no
  • Brev: Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.01.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30