Reguleringsplan for Opsalmarka næringsområde er godkjend

Kommunestyret godkjende 14.02.2019 (sak 002/2019) detaljregulering for Opsalmarka næringsområde, med følgjande tillegg: «Fusa kommune godkjenner detaljregulering Opsalmarka næringsområde, dat. 09.01.2019 med planid. 124 120 1800. Fusa kommune må arbeida vidare for å vurdera alternative muligheiter for avkøyrsle til området, gjerne i samband med områdeplan for Fusa. Trafikksikring må ha vesentleg betydning i dette arbeidet.» Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-3, 4 og 12. Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan kan påklagast, jf. PBL § 1-9. Klagesfrist: 20.03.2019.

Formålet med planen

Planen legg til rette for etablering av nytt næringsområde i Opsalmarka på Fusa. Tilkomst til området er frå fv 552 Venjanesvegen og kommunal veg frå Opsalmatrka. Nye næringsområde vil knyta seg på eksisterande teknisk infrastruktur som ligg i kommunal veg.

Planframlegget legg til rette for eit område som kan etablerast over tid. Området ligg svært sentralt plassert, med gunstig avstand til andre arbeidsplassar, bustadområde og offentlege og private tenester.

Vedtak og plan

Nedanfor finn du plandokumenta som er godkjende, saman med andre vedleggsdokument. Godkjend plan er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Andre vedleggsdokument:

Uttalar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.02.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30