Reguleringsplan for Leirvikjo - endring av gjeldande plan

Høyring og offentleg ettersyn for "Reguleringsplan for "Leirvikjo, gnr 99 bnr 44 m. fl", endring av gjeldande plan for same planområde. Planområdet ligg nord for fv 121 mot Havnaneset, Engjavik.

Utval for plan og miljø vedtok i møte sak-018/12 å senda planen på høyring og utlegging til offentleg ettersyn.

Endringane omfattar delar av friluftsområdet, felles båropptrekk med gangsti, endring av naust og plassering av desse, forlenging av bilveg med snuplass samt parkeringsplass m.m. Føresegnene er endra tilsvarande.

Eventuelle merknader skal sendast til postkasse@fusa.kommune.no innan 14.07.2012. Alternativt kan nyttast Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Plankart med føresegner og planskildring med ROS-analyse er lagt ut til offentleg ettersyn på Kommunetunet, ekspedisjonen i Eikelandsosen.

Snarvegar:
Reguleringsplan (PDF, 2 MB)
Føresegner (PDF, 2 MB)
Planskildring m/ ROS-analyse (PDF, 11 MB)


Publisert av Inge Kaldestad. Sist endra 31.05.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30