Planområdet ligg på nedre Skjørsand og er på omlag 25 da. I aust og søraust grensar det til LNF-område, bustadområde i sørvest og vest og til sjø i nord.
Planområdet inneheld område for hotell/ fritidsanlegg/ overnatting, friluftsområde, småbåtanlegg i sjø, badeområde på sjø og land, kommunal veg, interne tilkomstvegar og parkering.
Eventuelle merknader skal sendast til postkasse@fusa.kommune.no, eller til Fusa kommune. postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Planframlegget er lagt ut til offentleg ettersyn på Kommunetunet, ekspedisjonen i Eikelandsosen.
Reguleringsplan (PDF, 402 kB)
Føresegner (PDF, 298 kB)
Skildring m/ ROS-analyse (PDF, 26 MB)
Fotomontasjar (PDF, 9 MB)
Kulturminnedokumentasjon (PDF, 14 MB)