Reguleringsplan for gang- og sykkelveg på Holmefjord er lagt ut på høyring

Utval for plan og miljø (UPM) vedtok i møte 03.10.2019 å leggja reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Fv. 125 (Holsundvegen) på Holmefjord ut til høyring og offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-10. Høyringsfristen er 16.12.2019.

Kva omfattar planen?

Det er utarbeidd eit framlegg til detaljregulering for gang- og sykkelveg på strekninga frå kryss ved Fv. 48 og til Holmefjord sentrum.

Planen opnar for å utbetra veganlegget og tilhøyrande funksjonar, men ikkje for å etablera nye bygg eller anlegg. Byggeføremåla i planen er elles i samsvar med KPA 2015-27 og vedtekne reguleringsplanar der det er overlapping.

Planarbeidet er vurdert til i stor grad å vera i tråd med overordna retningslinjer. Det er forankra i Fusa kommune sin trafikksikringsplan, der det er prioritert som tiltaksnummer fire. Arealet er i hovudsak uregulert, men grensar til to andre reguleringsplanar: Fv. 48 Ådland – Holmefjord frå 1996, og Fv. 125 Holmefjord gang- og sykkelveg frå 2007.

Sjå høyringsdokumenta (vedtak og plan):

Sjå andre vedlegg til planen:

Alle dokument er òg tilgjengelege i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Har du merknader?

Du kan senda uttale til Fusa kommune innan høyringsfristen 16.12.2019.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30