Reguleringsplan for FV 123 Holdhus med parkering er lagt ut på høyring

Utval for plan og miljø (UPM) vedtok i møte 06.06.2019 å leggja reguleringsplan for Fv. 123 på Holdhus og kommunal veg til gamlekyrkja på Holdhus med parkering og anlegg ut til høyring og offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-10. Høyringsfristen er 16.10.2019

Kva omfattar planen?

Det er utarbeidd detaljregulering for Fv. 123 og den kommunale vegen til gamlekyrkja på Holdhus med parkering og anlegg. I planen har ein prøvd å løysa utfordringar knytt til parkering og bussoppstilling ved skulen og ved Holdhus gamle kyrkje. Planen omfattar òg utbetring av vegstrekningar, gangveg til kyrkja og fortau.

Sjå høyringsdokumenta

Sjå andre vedlegg til planen

Uttalar frå:

Har du merknader?

Du kan senda uttale til Fusa kommune innan høyringsfristen 16.10.2019.
  • E-post: post@fusa.kommune.no
  • Brev: Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.09.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30