Reguleringsplan for FV 121 v/Søre Fusa skule på Baldersheim er lagt ut på høyring for 2. gong

Utval for plan og miljø (UPM) vedtok i møte 06.06.2019 å leggja detaljreguleringsplanen for FV 121 ved Søre Fusa skule på Baldersheim ut til ny høyring og offentleg ettersyn. Vedtaket er fatta i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-10. Planen vart godkjend i kommunestyret 13.12.2018, men på grunn av endringar etter klagehandsaming, vert planen no lagt ut på høyring for andre gong. Høyringsfrist: 16.10.2019.

Kva er nytt i planframlegget?

Hovudmålet med planen er trafikksikring. Saka vart teke opp att for å sikra medverknad frå ein part som klaga.

Nytt i denne planen er mellom anna at eit eksisterande bustadhus er regulert inn som bustadføremål, og at planen opnar for å setja opp eit bustadhus til. Utover dette er det gjort mindre justeringar for veg og parkering.

Sjå høyringsdokumenta:

Sjå andre vedlegg:

Har du merknader?

Du kan senda uttale til Fusa kommune innan høyringsfristen 16.10.2019.

  • E-post: post@fusa.kommune.no
  • Brev: Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.09.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30