Reguleringsplan for Femangerlaks AS er lagt ut til høyring

I medhald av plan og bygninglsova (pbl) §12-10 har Utval for plan og miljø (UPM) 28.03.2019 vedteke å leggja detaljregulering for Femangerlaks AS ut til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfrist: 06.07.2019.  

Målet med reguleringsplanen

Målet med planen er å regulera areal som allereie er i bruk til næringsverksemd, slik at det får rett arealstatus for tilrettelegging av vidare drift. Arealet skal ikkje utvidast. Femangerlaks produserer laksesmolt – og ønskjer å leggja til rette for å produsera større smolt. Det krev større areal på land, men fører til kortare produksjonstid i sjø. Dette kan vera med på å redusera utfordringar med lakselus i næringa.

Planen legg til rette for eksisterande verksemd, og betre arealutnytting innanfor eksisterande areal. Arealet er sett av til LNF i kommuneplanen, og oppstart av planarbeidet er difor forankra i kommunestyret. Rådmannen påpeiker i saksutgreiinga at planomtalen er noko tynn, og at denne må utbetrast på fleire punkt før planen kan endeleg godkjennast i kommunestyret. Ein ønskjer likevel å leggja saka på høyring og til offentleg ettersyn slik den no ligg føre.

Sjå vedtak og plan:

Andre vedlegg:

Godkjend plan er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Har du innspel til reguleringsplanen?

Dersom du har merknader/kommentarar til framlegget til reguleringsplan, bruk digitalt skjema for høyringsuttalar og merk uttalen med saksnr. 16/2459. Høyringsfrist: 06.07.2019.

Innspel kan evt. sendast som e-post eller brev:

  • E-post: post@fusa.kommune.no
  • Brev: Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30