Reguleringsplan for Botnen på Holdhus, høyring og offentleg ettersyn

Utval for plan og miljø har i møte 20.09.2012 vedteke å senda reguleringsplan for Botnen, del av gbr 48 bnr 3, Holdhus på høyring og til offentleg ettersyn.

Planområdet er på vèl 35 da. I aust grensar det til Hovden bustadfelt, i sørvest til den kommunele vegen. Kommunal veg frå Skautasvingen og opp til krysset med fv 123 er også del av planområdet.

Føremålet med planen er å leggja til rette for 9 einebustadtomter, ei tomt for småhusbebyggelse, felles leikeplass, friområde og eit område for landbruk, regulert som omsynsområde (skredutsett).

Eventuelle merknader skal sendast til postkasse@fusa.kommune.no, eller til Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Merknadsfristen er 6 veker frå denne kunngjeringa, dvs innan 05.02.2013.

Reguleringsplan (PDF, 413 kB)
Føresegner (PDF, 83 kB)
Skildring med ROS-analyse   (PDF, 432 kB)

Publisert av Inge Kaldestad. Sist endra 22.11.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30