Reguleringsendring hyttefelt Lauvfjellet på høyring

Utval for plan og miljø har vedteke å senda ei mindre reguleringsendring for reguleringsplan Hyttefelt Lauvfjellet gbnr. 15/9, Ådland Søndre, på høyring og utlegging til offentleg ettersyn. Høyringsfristen er 18. august.

Kva endringa omfattar

Føremålet med endringa er å endra tomtene frå punktfeste til regulerte tomtegrenser med tilhøyrande infrastruktur, og tilpassa felles naustanlegg og småbåthamn til føreliggjande utfylling. Planendringa omfattar 16 tomter (1-5, 7-9, 11-18). Tomtene får ei utnyttingsgrad på 20 %, då grad av utnytting manglar i gjeldande plan.

Høyringsdokument

Grunneigarar og grannar til planområdet vert tilskrive i eige brev. Dokumenta er også tilgjengelege i ekspedisjonen, Kommunetunet i Eikelandsosen. 

 
Eventuelle merknader til reguleringsendringa må sendast Fusa kommune på epost: postkasse@fusa.kommune.no innan 18. august 2015. 
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 30.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30