Politisk møteveke 25.-28. mars 2019

Ungdomsrådet og Senior- og funksjonsrådet startar møterunden måndag 25.03. Formannskapet har møte onsdag 27.03. og utval for plan og miljø (UPM) 28.03. Møta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen og er opne for alle interesserte. Sakspapir finn du på heimesida.

Møtetid og møtestad

  • Ungdomsrådet - måndag 25.03.2019 kl. 08.30-11.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen.
  • Senior- og funksjonsrådet - måndag 25.03.2019 kl. 14.30 i Kommunetunet i Eikelandsosen.
  • Formannskapet - onsdag 27.03.2019 kl. 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. 
  • Utval for plan og miljø - torsdag 28.03.2019 kl. 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen.

NB! Det vert ikkje møte i administrasjonsutvalet 26. mars 2019.

Politiske gruppemøte 

Det vert gruppemøte i dei politiske partia med drøfting av utvalssakene måndag 25.03.2019 kl. 18.00 i Kommunetunet.

Sakspapir

Politiske sakspapir vert publiserte automatisk på heimesida gjennom innsynsordninga. Du finn dei via toppmenypunktet "Innsyn/Postliste", og deretter undermenypunktet "Møteplan/politiske sakspapir".

I møteplanen klikkar du deg vidare inn på det aktuelle møtet du er interessert i. Du får då informasjon om møtet, sakskart med alle sakene samla, og sakliste der du kan gå inn på kvar enkelt sak. Her finn du òg oversikt over medlemene i det aktuelle utvalet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30