Politisk møterunde 24.-31. mai 2018

Kontrollutvalet har møte 24. mai. Senior- og funksjonsrådet og Ungdomsrådet har møte måndag 28. mai, Formannskapet 30. mai og Utval for plan og miljø (UPM) 31. mai. Møta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen, og dei er opne for alle interesserte. Sakspapir finn du på heimesida.

Møtetid og møtestad

  • Kontrollutvalet - torsdag 24.05.2018 kl 10.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. Sakspapir. (PDF, 16 MB)
  • Ungdomsrådet - måndag 28.05.2018 kl 11.30 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Senior- og funksjonsrådet - måndag 28.05.2018 kl 14.30 i Kommunetunet i Eikelandsosen 
  • Formannskapet - onsdag 30.5.2018 kl 13.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Utval for plan og miljø - torsdag 31.5.2018 kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen

Sakspapir

Politiske sakspapir vert publiserte automatisk på heimesida gjennom innsynsordninga. Du finn dei via toppmenypunktet "Innsyn/Postliste", og deretter undermenypunktet "Møteplan". I møteplanen klikkar du deg vidare inn på det aktuelle møtet du er interessert i. Du får då informasjon om møtet, sakskart med alle sakene samla, og sakliste der du kan gå inn på kvar enkelt sak. Her finn du òg oversikt over medlemene i det aktuelle utvalet.

Saklister med sakspapir er òg lagt ut til gjennomsyn i biblioteket i Kommunetunet.

Mellom sakene som skal handsamast er årsmelding (PDF, 13 MB) og årsrekneskap for 2017 (PDF, 2 MB) og den rykande ferske folkehelserapporten for Fusa kommune: "Levekår og helse for barn og unge" (PDF, 4 MB).

Møta er opne for alle interesserte. 

Møterunden vert avslutta i veke 25 med:

  • Administrasjonsutvalet - møtet er flytta til måndag 18.06.2018 kl 16.30.
  • Kommunestyret - torsdag 21.06.2018 - tidspunkt og saksliste vert kunngjort seinare.

Politiske gruppemøte 

Det vert gruppemøte i dei politiske partia vedkomande utvalssakene måndag 28.05.2018 kl 18.00 i Kommunetunet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.05.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30