Oppstart planarbeid Lauvfjellet hyttefelt - detaljregulering

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av planarbeid med detaljregulering for Lauvfjellet hyttefelt, gbnr. 15/9 m.fl. Ådland i Fusa kommune. Frist for innspel og merknader: 10.05.2016.

Oppstart på nytt

Området er sett av til fritidsbustad i kommuneplanen sin arealdel, og er tidlegare regulert til fritidsbustad. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for vidare utbygging av eit område med fritidsbustader. Det har vore arbeidd med ei mindre reguleringsendring av eksisterande plan, men etter høyring og merknader til høyringsframlegget frå 2015 vert planarbeidet no endra til å omfatta ei full reguleringsendring. Det vert med dette derfor varsla oppstart på nytt.

Planområdet er på ca 112 daa og omfattar 16 tomter, der tre av dei står ubygd. Planen omfattar infrastruktur, småbåthamn og felles naustanlegg.

Oppstartmøte med Fusa kommune vart halde 20.10.2014.

Naboar og grunneigarar vert varsla per brev.

Sjå kart over planområdet/planavgrensing (PDF, 42 kB).

Kontakt:

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Geoplan AS

  • Tlf: 56 55 62 33,
  • E-post: post@geoplan.no
  • Postadresse: Geoplan AS, pb. 95, 5601 Norheimsund

Innspel og merknader:

  • Innspel skal òg sendast til Geoplan AS (sjå ovanfor)
  • Frist: Innan 10.05.2016
  • Mottekne innspel vert vurdert og lagt ved planframlegget.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30