Områdeplan for Eikelandsosen er lagt ut til høyring

Områdeplankart Eikelandsosen feb. 2019 - Klikk for stort bilete

I utval for plan og miljø vart det 31.01.2019 vedteke å leggja områdeplan for Eikelandsosen ut til høyring og offentleg ettersyn, med heimel i plan- og bygningslova § 12-1, 2 og 10. Bruk digitalt skjema for uttale og merk med saksnr. 16/1089. Høyringsfrist: 31.03.2019.

Gode innspel til planprogrammet

Planprogrammet vart vedteke 12.04.2018. Under høyringa av planprogrammet mottok kommunen 30 gode innspel frå innbyggjarar og høyringsinstansar til arbeidet med utvikling av sentrum i Eikelandsosen og kringliggjande område. Fleire av desse innspela er vurdert i planarbeidet og teke med i planen slik den no ligg føre.

Alle innspela til planprogrammet er kommentert av kommunen i eige merknadsskjema. 

Kvifor områdeplan?

Det er no utarbeid eit framlegg til områderegulering for Eikelandsosen sentrum, som tek utgangspunkt i planprogrammet. Planområdet er 2,7 km2 stort.

Hovudmålet er å leggja til rette for eit trygt, levande og attraktivt kommunedelsenter med eit breidt utval av tenester og tilbod, der alle grupper har høve til å delta. Meir informasjon finn du i saksutgreiinga (sjå nedanfor).

Høyringsdokument og meir informasjon

Nedanfor finn du dokumenta som er til høyring saman med andre vedleggsdokument. Dette er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Dokument til høyring:

Andre vedleggsdokument:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.02.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30