Offentleg ettersyn - Selvågen hyttefelt

Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 30.03.2017 vedteke å leggja detaljregulering for Selvågen hyttefelt, datert 15.02.2017, med plan-id 1241201401 ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i PBL §§12-10, og 12-11. Bruk digitalt skjema for høyringsutttale og merk med saksnr (t.d. 16/1084). Høyringsfrist: 16.05.2017

Planen som no ligg føre erstattar den tidligare reguleringsplanen med 11 festetomter med namn «Del av GNR. 117 BNR 3, Nordtveitgrend i Fusa kommune» vedteken 15.07.1982,  og justerer planen til dagens krav og behov. Planen inneheld oppdateringar knytt til fellesareal, fritidsbustader, parkeringsløysing, fellesnaust og flytebrygge.

Nedanfor finn du dokumenta som er til høyring saman med andre vedleggsdokument. Dokumenta er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen. 
 
Høyringsdokument:
 
Vedlegg:
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 31.03.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30