Offentleg ettersyn - Selsvika bustadfelt

Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 30.03.2017 vedteke å leggja detaljregulering for Selsvika bustadfelt, datert 20.03.2017, med plan-id 1241201605 ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i PBL §§12-10, og 12-11. Bruk digitalt skjema for høyringsuttale og merk med saksnr (t.d. 16/1087). Høyringsfrist: 16.05.2017

Planframlegget er i tråd med kommuneplanen sin arealdel (2015-27).  Det ligg òg ved ein illustrasjonsplan som viser mogeleg utnytting av planområdet. Planarbeidet starta i 2016.

Reguleringsplanen legg tilrette for sju bustader i Selsvika på Vinnes i Fusa kommune. Det er lagt tilrette for at det kan byggjast tre småhus og to tomannsbustader med både saltak og flatt tak. Parkeringsplassane er samla på to fellesareal med kort gangavstand til kvar eigedom. Det er opna for å setja opp carport på parkeringsareala dersom dette vert planlagt i ein heilskap. Området har nærleik til skule, barnehage, badevik, småbåthamner, offentleg transport og turområde.

Nedanfor finn du dokumenta som er til høyring saman med andre vedleggsdokument. Dokumenta er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet, Eikelandsosen.

Høyringsdokument:

Planomtale og ROS-analyse for detaljregulering av Selsvika bustadfelt (PDF, 5 MB)

Plankart for detaljregulering av Selsvika bustadfelt (PDF, 2 MB)

Føresegner for detaljregulering av Selsvika bustadfelt (PDF, 107 kB)

Detaljregulering for Selvågen hyttefelt  -  UPM-sak 030/2017  (PDF, 98 kB)

Vedlegg:

Illustrasjonsplan for detaljregulering av Selsvika bustadfelt  (PDF, 671 kB)

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 31.03.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30