Møteveke for utvala er flytta frå veke 47 til veke 49

Ordførar Atle Kvåle orienterte på kommunestyret 17.10.2019 om følgjande:

Jf. møteplan - det vert gjort følgjande endring: Møteveka i november vert flytta frå veke 47 til veke 49.

Etter at kommunestyret i Bjørnafjorden kommune er konstituert, skal Fusa kommune sine politiske organ handsama saker som er naudsynt av omsyn til drifting og avvikling av kommunen.

Ved å flytta møteveka, får ein med seg enda fleire saker, som må handsamast i Fusa kommune sine politiske organ.

Møtet i ungdomsrådet vert flytta til måndag 02.12.2019.

Møtet i senior- og funksjonsrådet vert flytta til måndag 02.12.2019.

Møtet i administrasjonsutvalet vert flytta til tysdag 03.12.2019.

Møtet i formannskapet vert flytta til onsdag 04.12.2019.

Møtet i UPM vert flytta til torsdag 05.12.2019

 

Møtet i kommunestyret torsdag 19.12.2019 vert ikkje flytta. 

 

 

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 14.11.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30