Kunngjering av eigedomsskatt for 2017

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2017 vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida og i ekspedisjonen i Kommunetunet, Eikelandsosen. Listene vert lagt ut i minst tre veker frå måndag 27. februar og du kan lesa dei i ekspedisjonen i tidsrommet måndag–fredag kl 0900–1430 eller her på heimsida.

 

Skatteliste og fritakslister
Skattelista som er lagt ut, syner dei skattepliktige eigedomane med opplysning om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.

Fritakslistene syner eigedomar som er fritekne for eigedomsskatt og lovheimel for fritaket. Paragrafane viser til eigedomsskattelova. Fritaket gjeld statlege (§ 5a) og kommunale (§ 5d) eigedomar, kyrkjeeigedomar (§ 5c), landbrukseigedomar (§ 5h), eigedomar som tilhøyrer frivillige organisasjonar (§ 7a) og eigedomar med fritak ut frå historisk verdi (§ 7b).

Sjå listene:
Skatteliste eigedomar 2017
Skatteliste for fritekne eigedomar 2017 

Skattesatsar
Satsen for eigedomsskatt er fastsett til 7 promille. Det vert gjort unntak for ubygde tomtar, naust, bustad og fritidseigedomar, som vert gitt ein reduksjon på 5 promille, slik at skattesats for slike eigedomar er 2 promille.

Skattesetel
Opplysningar om eigedomsskatten finn du på  faktura for 1. termin som vert sendt  ut i løpet av februar.

Botnfrådrag 
Kommunestyret har frå og med 2015 vedteke at det ikkje er  botnfrådrag.

Fritak heimla i § 7 c)
Ordninga med fritak for nye bustader heimla i eigedomsskattelova § 7 c) vart avvikla frå og med 2016.

Fritak heimla i § 7 a)  og b)
Kommunestyret kan frita følgjande eigedommar heilt eller delvis for eigedomsskatt:

a) Eigedomar eig av stiftingar eller institusjonar som tek sike på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten
b) Bygning som har historisk verdi.

Send søknad om fritak sendast til:

Fusa kommune
Eigedomsskattekontoret
Boks 24
5649 Eikelandsosen

eller pr e-post til post@fusa.kommune.no.

Søknadsfrist: 30. april 2017

Retting
Rettingar i eigedomsskatt  kan gjerast med heimel i eigedomsskattelova § 17.

 

Klage
Klage på utskriven eigedomsskatt og fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivne eigedomsskatten dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år, jf. eigedomsskattelova § 19.
Klage på taksten må setjast fram skriftleg og underteiknast.

Klagefrist: 12. april 2017.


Klagen må innehalda følgjande opplysningar:
- Klagen gjeld vedtaket om eigedomsskatt for 2017
- Kva eigedom det gjeld (gnbr – gards- og bruksnummer)
- Kva er det klagaren vil ha endra
- Grunngjeving for kvifor ein ønskjer vedtaket endra
- Dokumentasjon, bilde, skriftleg dokument m.m.
- Andre opplysningar som kan påverka avgjerda

Klage skal sendast til:

Fusa kommune
Eigedomsskattekontoret
Boks 24
5649 Eikelandsosen

eller pr e-post til post@fusa.kommune.no.

Betaling og forfall
Eigedomsskatten må betalast sjølv om det er sendt klage. Eventuelt for mykje innbetalt skatt vil verta attendebetalt om skatten vert redusert. 

Eigedomsskatten forfell til betaling i 2 terminar

·         1. forfall  25.03.2017

·         2. forfall  25.11.2017


Taksering av LNF-tomter i område som ikkje er utbygd frå før
I nye saker må takstutvalet i  kvar enkelt sak vurdera kva verdireduksjon det skal føra til i eigedomsskattetaksten. Kommunen må difor også gå gjennom tidlegare klagesaker for å vurdera om det er grunnlag for å endra eigedomskattetaksten til gunst for klagar.

 

Meir informasjon, vedtekter og eigedomsskattelova finn du her.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30