Kunngjering av eigedomsskatt for 2016

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2016 vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida og i ekspedisjonen til Fusa kommune i Kommunetunet i Eikelandsosen frå og med måndag 29. februar til og med måndag 21. mars.

Skatteliste og fritakslister

Skattelista som er lagt ut, syner dei skattepliktige eigedomane med opplysning om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.

Fritakslistene syner eigedomar som er fritekne for eigedomsskatt og lovheimel for fritaket. Paragrafane viser til eigedomsskattelova. Fritaket gjeld statlege (§ 5a) og kommunale (§ 5d) eigedomar, kyrkjeeigedomar (§ 5c), landbrukseigedomar (§ 5h), eigedomar som tilhøyrer frivillige organisasjonar (§ 7a) og eigedomar med fritak ut frå historisk verdi (§ 7b).

Klage

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivne eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Klage på taksten må setjast fram skriftleg og underteiknast. Klagefrist er innan torsdag 14.04.16. Eigedomsskatten må betalast sjølv om det er sendt klage. Eventuelt for mykje innbetalt skatt vil verta attendebetalt om skatten vert redusert. 

Skattesatsar

Satsen for eigedomsskatt er fastsett til 7 promille. Det vert gjort unntak for ubygde tomtar, naust, bustad og fritidseigedomar, som vert gitt ein reduksjon på 5 promille, slik at skattesats for slike eigedomar er 2 promille.

Fritak

Ordninga med fritak for nye bustader heimla i eigedomsskattelova § 7 c) vert avvikla: Frå og med 2016 skal det betalast eigedomsskatt for alle bustadhus, også dei som tidlegare årleg har vore fritekne. Jf. at fritaket vert gjort pr. kalenderår i det årlege budsjettvedtaket. 

Utfyllande informasjon om klagerett, fritaksreglar og eigedomsskatten finn du på heimesida.  

Eigedomsskatten forfell til betaling i 2 terminar:

  • 1. forfall  25.03.16
  • 2. forfall  25.11.16

Klage skal sendast til:

  • Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
  • eller pr e-post til: postkasse@fusa.kommune.no
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 22.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30