Kulturprisen 2015

Fusa kommune skal dela ut kulturpris i 2015. Prisen er eit kunstverk med plakett. Alle kan koma med forslag til kandidtar innan fristen 1. november. 

Målet med kulturprisen er å stimulera kulturlivet i kommunen og gje honnør for spesiell innsats på kulturområdet.

Kulturprisen kan delast ut til ein person, organisasjon eller ei gruppe personar.
 
Innspel til kandidatar skal vera grunngjevne og formulerast skriftleg per epost til postkasse@fusa.kommune.no eller som brev til Fusa kommune, boks 24, 5649 Eikelandsosen. Sjå eiga nettside om Fusa kommune sin kulturpris no for meir info.

Det er sett ned ei eiga kulturprisnemnd. Nemnda kjem med innstilling til Formannskapet som gjer endeleg vedtak.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30