Kommunestyremøte 21. juni 2018

Det vert møte i kommunestyret torsdag 21. juni klokka 10.00 i Eikelandsfjorden samfunnshus i Eikelandsosen. Møtet er ope for alle interesserte. Sjå innkalling med sakliste på heimesida. Innkalling og sakspapir er òg tilgjengelege i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Politiske gruppemøte

Det vert gruppemøte i dei politiske partia/gruppene i Kommunetunet

  • måndag 18.06.2018 kl. 18.00

Digitale utfordringar

Vi har tidlegare informert om ymse problem med digital produksjon av saksdokument og publisering av saksdokument via innsynsløysinga på heimesida. Det har òg vore problem med utlegging på politikarane sine iPAD-ar. Dette er enno ikkje ordna, men det vert arbeidd med å retta feila både i Fusa kommune og hjå vår dataleverandør. Vi beklagar dei ulempene dette har ført til.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30