Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 - manntal og røysting

Røysting

Du kan røysta på førehand fram til og med 11. september. Du kan røysta på førehand i alle kommunar i landet. På valdagen må du røysta i den kommunen der du har registrert bustadadresse den 30. juni 2015 og er innført i manntalet. Du kan berre røysta éin gong. 

Tidlegrøystegjeving

I perioden 1. juli -  7. august kan du kontakta  kommunen og be om å få å røysta dersom du i ikkje kan røysta på valdagen eller ved ordinær førehandsrøysting.  I  Fusa kan du ringja  56580100 eller send e-post til postkasse@fusa.kommune.no.


Ordinær førehandsrøysting i Fusa

10. august til og med 11. september i Kommunetunet måndag – fredag kl 09.00 – 15.30.

Utvida opningstider

 

  • Torsdag 3. september: kl 09.00 – 18.00
  • Onsdag 9. september: kl 09.00 – 18.00
  • Torsdag 10. september: kl 09.00 – 18.00
  • Laurdag 5. september kl 10.00- 14.00

Røysterett og manntal

For å kunne røysta, må du ha røysterett og stå innført i manntalet i ein kommune.


Manntalet i Fusa
Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn frå  16. juli til og med valdagen 14. september.

Her kan du kontrollera om du står i manntalet i Fusa kommune:

 

 

Manntalet for Fusa kommune

I Kommunetunet

 
   

Utleggingsstader for krinsmanntala:

 
 

1. Nore Fusa røystekrins

Nore Fusa A/S - Nærbutikken Holmefjord

 

 

 2. Eikelandsosen røystekrins

Kommunetunet

 

 

3. Fusa røystekrins

Spar Fusa Venjaneset mat A/S - Fusatun

 

 

4. Strandvik røystekrins

Brødrene Dalland A/S –Joker Strandvik

 

 

5. Hålandsdal røystekrins

Kommunetunet

 

 

6.  Søre Fusa røystekrins

Revnestrand Handel – Joker Baldersheim

 

 

Du kan også få kontrollert om du står i manntalet ved å ringja Kommunetunet: 56 58 01 00.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet som er lagt ut, eller det er andre feil,  kan du klaga.

Klagen skal vera skriftleg og grunngjeve og sendast til:
Fusa valstyre, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

 Valportalen, nasjonalt

Valsidene, Fusa kommune

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 13.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30