Interkommunal strandsoneplan - varsel


Samarbeidsrådet godkjende i møte 8.desember 2011 å senda planprogrammet ut på høyring med uttalefrist 15.februar 2012 samstundes som det vert varsla oppstart av planarbeidet. Forslag til planprogram med forslag til konsekvensutgreiing er utarbeidd i samsvar med Plan- og bygningslova, kapittel 4.  Planområdet omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen  og 50m ut i sjø frå strandlina.

Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova.

Planen skal innehalda dei tema/ føremål som er naturleg å ta opp for ein arealplan som omfattar strandsona på eit kommunalt overordna nivå. Det vil her vera særleg aktuelt å sjå på tema som er felles for kommunane når det gjeld bruk og vern av areal i strandsona. Følgjande tema skal vurderast:

Friluftsområde, regionale og lokale
Område med spesielle natur- og landskapskvalitetar
Sikring av større, viktige frilufts- og landskapsområde 
Kulturminneområde, kystkultur m.m.
Område for næringsutvikling, hamneanlegg, reiselivsanlegg                       
Felles båthamner/bryggeanlegg, naustområde, fellesnaust
Bustadområde og område for fritidsbustader
Fortettingsområde

Som del av planarbeidet skal det utarbeidast felles føresegner for bygging av brygger, naust, rorbuer, spreitt utbygging, m.m. i strandsona og elles andre føresegner med retningsliner som gjeld bruk og forvaltning av strandsona. I dette planarbeidet er det ikkje føresett å vurdera einskildtiltak som brygger, naust, hytter og bustader og liknande plassert i strandsona.  Slike einskildsaker må kommunane ta stilling til seinare med heimel i føresegner og eventuelle reguleringsplanar.

Den interkommunale planen skal vera det overordna styrande plandokumentet for all arealbruk og forvaltning av areal i strandsona til dei deltakande kommunane. Planen skal visa arealformål og omsynssoner for bruk og vern av areal i strandsona. Kvart kommunestyre i dei deltakande kommunar skal treffa endeleg vedtak for sitt område.

Forslaget til planprogram er lagt ut på Samarbeidsrådet si internettside www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no og dei deltakande kommunane sine internettsider. Forslaget til program er og lagt ut på samarbeidsrådet sitt kontor og i kommunane sine kundetorg.
Du kan få nærare opplysningar ved å venda deg til Samarbeidsrådet tlf.  53 45 67 90 eller til prosjektleiar tlf. 91 00 16 43, eller til følgjande kontaktpersonar i kommunane:
Austevoll, tlf. 55 08 10 00, Bjørn Wefring
Bømlo, tlf. 53 42 30 00, Toralf Meling
Etne, tlf. 53 75 80 00, Erik Kvalheim/ Grete Kathrine Jacobsen
Fitjar, tlf. 53 45 85 00, Ingunn Varanes,
Kvinnherad, tlf. 53 48 31 00, Kjartan Thoresen,
Stord, tlf. 53 49 66 00, Ove Kvalnes
Sveio, tlf. 53 74 80 00, Åse Aleheim
Tysnes, tlf. 5343 7010, Asle Bernt Rekve
Fusa, tlf. 56 58 01 00, Inge Kaldestad,

Eventuelle merknader kan sendast innan 15. februar 2012 til Samarbeidsrådet i Sunnhordland, postboks 444, 5403 Stord, eller pr e-post til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no.

Planprogram for interkommunal strandsoneplan (PDF, 3 MB)


Publisert av Fredrik Thorsen. Sist endra 07.02.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30