Innspel til interkommunal strandsoneplan

Fusa kommune er ein av deltakarane i arbeidet med interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland. Vi minner om at det framleis er høve til å koma med innspel til planarbeidet. Fristen er 15. august i år.

Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova, og omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen og 50 m ut i sjø frå strandlina.

Kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa er med i plansamarbeidet. Sjå godkjend planprogram (PDF, 3 MB) og fullstendig kunngjering (PDF, 64 kB)

Innspel

I dette planarbeidet er det ikkje føresett å vurdera einskildtiltak som brygge, naust, hytte og bustad og liknande plassert i strandsona. Slike einskildsaker må kommunane ta stilling til seinare med heimel i føresegner og eventuelle reguleringsplanar.

Kommunane ønskjer innspel om større tiltak i strandsona, som t.d. område for bustader/fritidsbustader, næringsområde, felles båthamner, naustområde, reiselivsanlegg, sikring av friluftsområde/friareal/badeplassar m.m.

Du kan få nærare opplysningar ved å venda deg til den kommunen innspelet gjeld, eller til Samarbeidsrådet tlf.  53 45 67 90.

Innspel som gjeld Fusa kommune skal sendast skriftleg til postkasse@fusa.kommune.no eller Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Kontaktperson er Helle H. Bruland, tlf. 56 58 01 88.
 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30