Innspel til arealbruk i Fusa kommune

Planprogram for arealdelen av kommuneplan for Fusa kommune 2015-25 vart vedteken av kommunestyret 22.10.2013, og det vert med dette opna for å koma med innspel til arealbruk i kommunen. 

Det vert samstundes på nytt opna for å koma med innspel til Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland.
Planprogram (PDF, 813 kB) og felles skjema for innspel (PDF, 529 kB) er å finna her på heimesida under toppmenypunktet ”Lokaldemokrati > arealplan”.

Innspel skal sendast skriftleg til Fusa kommune v/arealplanleggjar Helle H. Bruland. postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller til  postkasse@fusa.kommune.no.

Folkemøte

Det vert arrangert folkemøte med informasjon og rettleiing i utfylling av skjema månd. 2.12., torsd. 5.12. og månd. 9.12. Tid og stad vert kunngjort seinare.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30