Informasjonsmøte om Fusa-budsjettet 2017

Det vert invitert til eit ope informasjonsmøte om kommunebudsjettet for 2017 måndag 14. november kl 17.00 i biblioteket i Kommunetunet, Eikelandsosen, der rådmannen legg fram sitt forslag til budsjett og økonomiplan.

 

På informasjonsmøtet orienterer rådmannen om framlegg til økonomiplan for 2017 -2020 og årsbudsjett 2017, og det vert gjort greie for rådmannen sitt budsjettnotat. 

Målgrupper for informasjonsmøtet er folkevalde, tillitsvalde og andre interesserte. 

Dette er eit tilbod – ikkje eit møte med møteplikt for lokalpolitikarar og tillitsvalde. Møtet er offentleg og ope for alle interesserte.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 31.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30