Informasjon om Stortings- og sametingsvalet 2017

For å kunne røysta, må du ha røysterett og stå innført i manntalet i ein kommune. Har du flytta? Du har røysterett og er manntalsført i den kommunen du er registrert i Folkeregisteret som busett 30. juni 2017. Melder du flytting etter denne datoen, har du røysterett i den gamle kommunen din. Sjå meir informasjon om regelverket ved flytting.

Manntalet i Fusa

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn snarast mogleg etter 30. juni. Det ligg ute til og med valdagen 11. september.
 
Du kan kontrollera manntalet desse stadane:
Manntalet for Fusa kommune i Kommunetunet
Krinsmannatal for røystekrinsane Utleggingsstader for krinsmanntala
Nore Fusa røystekrins Nærbutikken Holmefjord
Eikelandsosen røysteskrins Kommunetunet
Fusa røystekrins Venjaneset Mat, Fusatun
Strandvik røystekrins Joker Strandvik
Hålandsdal røystekrins Kommunetunet
Søre Fusa røystekrins Joker Revnestranden, Baldersheim

Du kan også få kontrollert om du står i manntalet ved å ringja Kommunetunet: 56 58 01 00

Vallova sine reglar om retting og innføring i manntalet

«§ 2-7. Krav om retting. Innføring av stemmeberettigede bosatt i utlandet
(1) Den som mener at vedkommende selv eller noen annen uriktig er blitt innført eller utelatt fra manntallet i kommunen, kan kreve at feilen rettes opp.
(2) Kravet skal være skriftlig og begrunnet, og sendes valgstyret i kommunen.
(3) Valgstyret skal sørge for at en stemmeberettiget som er bosatt i utlandet, og som ikke har vært folkeregisterført som bosatt i Norge noen gang i løpet av de siste ti årene før valgdagen, føres inn i manntallet i kommunen, dersom vedkommende søker om innføring innen kl. 17 dagen etter valgdagen.»
 
Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve og sendast til: Fusa valstyre, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
 
 
Meir informasjon  på www.fusa.kommune.no. og  www.valg.no
 
Atle Kvåle
Leiar i valstyret
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.07.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30