Høyring: Strandvik bygdepark

Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 31. mai vedteke å leggja detaljregulering for Strandvik bygdepark ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i PBL §§12-10 og 12-11. Bruk digitalt skjema for høyringsutttale (NB! vert lenka opp) og merk med saksnr 17/810. Høyringsfrist: 14.september 2018. 

Føremålet med reguleringa er å leggja til rette for park og utbetring av trafikksituasjon i Strandvik sentrum – samt sikring av Vikaelva som renn igjennom sentrumsområdet.
Planen bygger vidare på delar av LivOGLyst-prosjektet som vart gjennomført for Strandvik sentrum i 2012.

Nedanfor finn du dokumenta som er til høyring saman med andre vedleggsdokument. Dette er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Høyringsdokument:

UPM-sak 040/2018 (PDF, 204 kB) 
Planomtale og ROS-analyse (PDF, 3 MB) 
Føresegner (PDF, 120 kB) 
Plankart (PDF, 624 kB)

Merknadsskjema v/oppstart (PDF, 65 kB)
Merknader til oppstart ( NVE (PDF, 453 kB), Kystverket (PDF, 186 kB), Den norske kyrkja (PDF, 226 kB), Hordaland Fylkeskommune (PDF, 2 MB), Grunneigar 1 (PDF, 373 kB), 2 (TXT, 813 B) og 3 (TXT, 2 kB))

Referat frå oppstartmøte 04.07.2017 (PDF, 200 kB)

 

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 30.07.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30