Høyring: planprogram områdeplan for Eikelandsosen

Det skal utarbeidast ein områdeplan for Eikelandsosen sentrum og kringliggjande område. Utval for plan og miljø i Fusa kommune har 23.11.2017 vedteke å leggja utkast til planprogram (PDF, 2 MB) ut på høyring. Planprogrammet er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet og ein ønskjer innspel frå publikum. Høyringsfrist er sett til 12. februar 2018.

 

Bakgrunn for - og mål med planarbeidet

Eikelandsosen er kommunesenteret i Fusa kommune, planområdet er om lag 2,7 km2 stort og omfattar areal på land og i sjø. Bakgrunnen for planen er behov for avklaringar rundt sentrumsutvikling, bustadbehov, trafikksikring og offentlege grøntområde. Det overordna målet med å utarbeida områdeplanen er ei føreseieleg og berekraftig samfunnsutvikling fram mot 2040, og at Eikelandsosen skal verta eit sterkt kommunedelsenter i den nye Bjørnafjorden kommune frå 2020.

Tre hovudtema

Planprogrammet er inndelt i tre hovudtema som byggjer på samfunnsdelen til Fusa kommune: Naturkommunen, bukommunen og arbeidskommunen. Under kvart av dei tre tema står det om utfordringar og mål med planarbeidet, illustrert med enkle kart. I planarbeidet skal det i tillegg gjennomførast ei oppdatering av gjeldande reguleringsplanar som er inkludert i områdeplanen.

Endeleg plan i 2019

Planprogrammet gjev informasjon om medverknad, plantema og prosess. Målet er å fastsetja det endelege planprogrammet vinteren 2018, og fremja forslag til områdeplanen våren 2019.

Rådmannen sitt framlegg til plangrogram vart handsama i Utval for plan og miljø 23.11.2017 og vert etter dette lagt ut på høyring. Sjå politisk sak (PDF, 155 kB)

Høyringsrunde

For uttale skal du nytta digitalt skjema.

Har du spørsmål i saka kan du venda deg til Fusa kommune telefon 56580100 eller senda epost til post@fusa.kommune.no.

Høyringsfrist er sett til 12. februar 2018.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.12.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30