Høyring: Planprogram for AS Sævareid fiskeanlegg og Sævareid sentrum

Varsel om oppstart av planarbeid - høyring av planprogram: Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 29. september vedteke å leggja planprogram for AS Sævareid fiskeanlegg og Sævareid sentrum GNR/BNR: 96/9 Hatletveit, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfrist: 25.11.2016.

Planprogrammet vert lagt ut på høyring som ledd i varsling av oppstart planarbeid, jf. plan og bygningslova §§ 4-1 og 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiingar. 

Føremål

Føremålet med reguleringa er å leggja til rette for eksisterande næringsområde og nytt næringsområde i fjellhall med tilhøyrande infrastruktur i tilknyting til eksisterande næringsareal. Planarbeidet omfattar òg Sævareid sentrum.

Merknader

Tiltakshavar er AS Sævareid Fiskeanlegg og forslagsstillar er Multiconsult ASA.

Kommentarar og merknadar til planarbeidet kan sendast skriftleg til:

  • Brev: Multiconsult ASA v/Vigdis Berge, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun
  • E-post: vigdis.berge@multiconsult.no 

Høyringsfrist: 25.11.2016.

Vidare saksgang

  • Etter at fristen for merknader er gått ut, vil sjølve planframlegget bli utarbeidd av Multiconsult ASA, og deretter sendt til Fusa kommune for sakshandsaming.
  • Etter første gongs handsaming i utval for plan og miljø, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker.
  • Det vil då vera mogleg å koma med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Nedanfor finn du dokumenta som er til høyring no. Dei er òg tilgjengelege i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Høyringsdokument:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30