Høyring: Områdeplan for Strandvik sentrum - forslag til planprogram

Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 20.09.2018 vedteke å leggja planprogram for områdeplan for Strandvik sentrum ut til høyring. Vedtaket er heimla i pbl §§ 4-1, 12-2,3 og 9. Bruk digitalt skjema for uttale og merk med saksnr. 18/946. Høyringsfrist: 09.11.2018. Det vert med dette òg kunngjort oppstart av planarbeid, jf. pbl § 12-9. Det vert folkemøte om områdeplanen i Strandvik grendahus. NB! Møtetidspunktet er endra til 6.11.2018 kl. 18.00.

ABO plan og arkitektur er utførande konsulent. 

Kva er målet med områdeplanen?

  • Planområdet er om lag 450 daa og omfattar areal på land og i sjø.
  • Områdeplanen skal avklara overordna arealbruk, behov og utvikling, og vil bestå av eit plankart, planomtale med ROS-analyse, føresegner og konsekvensutgreiing.

Bakgrunnen for å starta dette planarbeidet, er behovet for avklaringar rundt framtidig arealdisponering og sentrumsutvikling – mellom anna parkering, bustad og offentlege grøntområde.

Planarbeidet er forankra i arealdelen til kommuneplanen (2015) og i kommunal planstrategi, og tek utgangspunkt i kommuneplanen sin samfunnsdel.

Høyringsuttale

Sjå følgjande aktuelle dokument:

Dersom du har merknader/kommentarar til framlegget til planprogram, bruk digitalt skjema for høyringsuttalar og merk uttalen med saksnr. 18/946.

Høyringsfrist: 09.11.2018.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30