Høyring om skulestruktur 2015

Fusa kommunestyre har i møte 18. juni 2015 i sak 21/15 Skulestruktur, gjort vedtak om at skulestrukturen skal ut på høyring. Høyringsfrist: 28. september 2015.

Det er seks alternativ som er lagt ut på høyring. Alternativa er lista opp i høyringsdokumentet. Agenda Kaupang sin rapport av 18. mai 2015 omtalar bakgrunnen og gjev grunnlag for dei ulike alternativa. Rapport og høyringsbrev er lagt ut til gjennomsyn i Kommunetunet i Eikelandsosen og på heimesida.

Kommunestyret sitt  vedtak

Fusa kommunestyre har i møte 18. juni 2015 i sak 21/15 Skulestruktur, gjort følgjande vedtak:

Ut frå den reviderte rapporten til Agenda Kaupang vert dei ulike alternativa i kapittel 4 i tillegg til 0-varianten lagt ut på høyring:

  • Alternativ 1. Tre barneskular. Fusa, Nore Fusa og Holdhus skule vert lagt ned. Elevane får sitt barneskuletilbod ved Eikelandsosen skule.
  • Alternativ 2. To barneskular. Fusa, Nore Fusa, Holdhus og Strandvik skule vert lagt ned. Elevane får sitt barneskuletilbod ved Eikelandsosen skule.
  • Alternativ 3. Ein barneskule. Fusa, Nore Fusa, Holdhus, Strandvik og Søre Fusa skule vert lagt ned. Elevane får sitt barneskuletilbod ved Eikelandsosen skule.
  • Alternativ 4. Fire barneskular variant A Strandvik og Holdhus skule vert lagt ned. Elevane får sitt barneskuletilbod ved Fusa og Eikelandsosen skule.
  • Alternativ 5. Fire barneskular variant B Strandvik og Nore Fusa skule vert lagt ned.  Elevane får sitt barneskuletilbod ved Fusa og Eikelandsosen skule.
  • Alternativ 6. Seks barneskular. Behalda dagens skulestruktur.

Bakgrunnen for arbeid med skulestruktur står omtala i forordet til rapporten (Agenda Kaupang, 2015, s. 6).

Alternativ 6 i vedtaket over, er det same alternativet som er omtalt som alternativ 0 i rapporten frå Agenda Kaupang.

Høyring

Rapport med høyringsbrev er sendt ut til høyringsinstansane ved skulane.
Høyringa er open, og andre som også ønskjer å uttala seg i saka, har høve til det. Meir informasjon finn du i saksdokumenta på heimesida og i Kommunetunet.

Lenke til rapport og høyringsbrev:

Evt  uttale skal sendast til:

Høyringsfrist: 28. september 2015.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30