Høyring: Kommunedelplan for akvakultur - framlegg til planprogram

Fusa kommunestyre har 13.10.2016 godkjent oppstart av arbeid med kommunedelplan for akvakultur 2018-2027. Framlegg til planprogram vert med dette lagt ut til høyring. Høyringsfrist: 09.12.2016. Bruk digitalt skjema for høyringsuttale.

Framlegget til planprogram er utarbeidd i samsvar med Plan- og bygningslova §§ 4-1 og 11-1, 5 og 13. 

Planprogrammet omhandlar akvakulturdelen av arealdelen i kommuneplanen til Fusa kommune, og gjer greie for fokusområda, framdrift, medverknad og organisering av planarbeidet.

Sjå vedlagde dokument:

Planprogrammet er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Fokusområde

Planarbeidet har følgjande fokusområde: 

  • Storleik på akvakulturområde kring eksisterande lokalitetar
  • Gjennomgang av om eksisterande akvakulturlokalitetar er eigna
  • Moglege nye akvakulturområde
  • Fortøyingar og ankerfeste til oppdrettsanlegg
  • Akvakulturområde som tangerer område avsett til fiske
  • Fortøyingar frå oppdrettsanlegg som ligg i nabokommunar
  • Interkommualt samarbeid – felles sjøområde
  • Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osb)
  • Område for tareproduksjon

Høyringsuttale

Dersom du har merknader/kommentarar til framlegget til planprogram, bruk digitalt skjema for høyringsuttalar og merk uttalen med saksnr. 16/1096.

Høyringsfrist: 09.12.2016

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30