Høyring: Forslag til planprogram for arealplanen

Fusa kommunestyre vedtok i møte 7. mai samrøystes å leggja forslaget til planprogram for arealdelen av kommuneplanen ut på høyring i medhald av PBL § 11-13. Høyringsfristen er sett til 15. juli.  

Forslaget til planprogram er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn her på heimesida, og i papirform i ekspedisjonen i Kommunetunet. 

Innspel

I denne høyringsperioden er det høve til å koma med innspel til sjølve planprogrammet, dvs. framdrift, organisering og plantema. Innspel til konkret arealbruk må koma etter at planprogrammet er endeleg vedteke hausten 2013.

Høyringsuttalar skal sendast skriftleg til postkasse@fusa.kommune.no eller til Fusa kommune v/arealplanleggjar Helle H. Bruland, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.05.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30