Høyring - forskrift for plasstildeling langtidsopphald

Fusa formannskap har vedteke å senda  på høyring:

Framlegg  til kommunal forskrift i Fusa for tildeling av langbruksopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad.
Forslaget byggjer på lovførearbeida og gjeldande praksis for tildeling av opphald i Fusa kommune. Høyringsfristen er 08.05.2017.

Alle kan koma med uttale. Framlegget og meir informasjon er lagt ut nedst og i Kommunetunet frå 07.04.2017 med 4 vekes høyringsfrist. Send evt. uttale til post@fusa.kommune.no, eller Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Plikt til å utarbeida kommunal forskrift og innhaldet

Forslag til forskrift byggjer på lovførearbeida og gjeldande praksis for tildeling av opphald i Fusa kommune.
På bakgrunn av kommunen sitt heilskaplege tilbod, må det fastsetjast forskrift med kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad i kommunen.
Pasient eller brukar som med forsvarleg hjelp kan venta på ein langtidsplass, men som fyller kommunen sine kriterium, skal ha rett til vedtak om dette. Følgjande er nye lovkrav: Kommunen skal føra lister over pasientar og brukarar som ventar på langtidsplass i kommunen. I forskrifta skal kommunen  også regulera korleis ein følgjer opp personane som står på venteliste.
Forskrifta skal m.a. medverka til meir føreseielege tenester og openheit rundt tildelingsprosessen.

Høringsprosessen


Alle kan koma med uttale I tillegg vert framlegg til forskrift sendt på  høyring til lokale organisajonar i Fusa. (pensjonistlag, funksjonshemma sine medlemsorganisasjonar).
Saka vert fremja i neste møterunde via senior- og funksjonsrådet, formannskapet og med endeleg vedtak i kommunestyremøtet i juni. Alle høyringssvara vil då følgja saka.
Kommunane må utarbeida forskrifter slik at dei kan tre i kraft 01.juli 2017.

Sjå framlegg til forskrift (PDF, 51 kB) og sak nr 26/2017 frå formannskapet (PDF, 64 kB).

Høyringsbrev (PDF, 26 kB) – framlegg til Kommunal forskrift i Fusa for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad. Kriterium og venteliste.

 

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 10.04.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30