Høyring: Detaljregulering Sævareid - fiskeanlegg og sentrum

Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 31. mai vedteke å leggja detaljregulering for Sævareid fiskeanlegg AS og Sævareid sentrum, GBNR. 96/9 m.fl. ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11. Bruk digitalt skjema for høyringsutttale og merk med saksnr. 16/1090. Høyringsfrist: 24. august 2018.

Føremålet med planen er å regulera eksisterande næringsareal for AS Sævareid Fiskeanlegg, slik at dette vert i tråd med dagens bruk, og å sikra naudsynte planavklaringar for både anleggs- og driftsfase. Det vert mellom anna regulert for nytt anlegg i fjellhallar og for andre naudsynte infrastrukturtiltak.

Ved hjelp av lenkene i lista under finn du høyringsdokument og vedlegg i saka. Dei er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen. Via innsynsordninga skal du og finna dokumenta som er til høyring saman med andre vedleggsdokument i UPM-sak 053/2018 frå møtet 31.05.2018.

Oversikt over høyringsdokument:

Oversikt over vedlegg:

Oversikt over skriftleg materiale som ikkje er vedlagt saka: 

Kunngjeringar, referat frå oppstartsmøte, arbeidsdokument, e-postar og anna korrespondanse

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30