Høyring: Detaljregulering for bustadområde Skåtaklubben ytre

Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 29. september vedteke å leggja detaljregulering for bustadområde Skåtaklubben ytre, GNR/BNR: 77/3 Skåte, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i PBL §§12-10,11 og 12. Bruk digitalt skjema for høyringsutttale og merk med saksnr 16/1088. Høyringsfrist: 14. november 2016. 

Føremålet med reguleringa er å leggja til rette for utviding av eit bustadfelt med inntil 15 bueiningar på Skåte. Området ligg vestvendt mot Bjørnafjorden, og inkluderer småbåthamn med boder i fellesnaust, leikeareal og annan infrastruktur. Området har nærleik til skule, friluftsareal, butikk og offentleg transport, og er i tråd med kommuneplanen sin arealdel. 

Nedanfor finn du dokumenta som er til høyring saman med andre vedleggsdokument. Dette er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Høyringsdokument:

Vedlegg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30