Høyring: Detaljregulering av Opsalmarka næringsområde

Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 20.09.2018 vedteke å leggja detaljregulering for Opsalmarka næringsområde ut til høyring og offentleg ettersyn i seks veker. Vedtaket er heimla i pbl §§ 12-10 og 12-11. Bruk digitalt skjema for uttale og merk med saksnr. 18/1294. Høyringsfrist: 09.11.2018.

Planen er i tråd med arealdelen til kommuneplanen og legg til rette for to nye næringsområde med totalt 47 daa nytt næringsareal. Området får tilkomst via kommunal veg, og området kan byggast ut trinnvis. Det er ikkje avdekt stor risiko i ROS-analysen. Planforslaget opnar ikkje for forretningsføremål.

Nedanfor finn du dokumenta som er til høyring saman med andre vedleggsdokument. Dette er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i kommunetunet i Eikelandsosen.
 

Høyringsdokument:

Andre vedlegg:

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30