Godkjent planprogram for områdeplan for Samnøy industriområde

Fusa kommune godkjende samrøystes planprogram for områdeplan for Samnøy industriområde i kommunestyret 24.08.2017. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova §§ 4-1 og 12-9.

Bakgrunnen for planarbeidet er behovet for relokalisering og utviding av tømmerkai i Fusa. Planen omfattar i tillegg eit større industriområde på Samnøy. Planprogrammet gjev informasjon om bakgrunn for - og føremål med planarbeidet, og gjev ei god framstilling av den vidare prosessen. Planområdet omfattar eit areal på 1800 daa og regulerer areal både i sjø og på land. Planarbeidet vart varsla 07.06.2017, og planprogrammet var på høyring fram til 01.08.2017. Det vart halde informasjonsmøte lokalt i bygda i høyringsperioden.Framdriftsplanen siktar mot høyring av framlegg til områdeplanen tidleg 2018. 

Sjå kommunestyrevedtak (PDF, 225 kB) og planprogram (PDF, 5 MB).

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 11.12.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30