Det skal utarbeidast ein kommunedelplan for akvakultur i Fusa kommune. Planen skal bestå av eit plankart, føresegner og ein tekstdel, og skal erstatta sjødelen i kommuneplanens arealdel. Etter første handsaming av planprogrammet i kommunestyret 13.10.2016 vart planprogrammet lagt på høyring i 6 veker. Det kom inn 10 merknadar frå høyringsinstansar, representantar frå næringa og private. Merknadane er kommenterte i eige merknadsskjema, og det føreliggjande planprogrammet er justert.
Det er òg gjennomført eit samarbeidsmøte med aktuelle næringsaktørar innafor akvakultur i kommunen. Det vil verta lagt opp til ytterlegare samarbeid med innbyggjarar og berørte partar i det påfølgjande planarbeidet. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til sakshandsamar.