Godkjend reguleringsplan for Vinnestunet

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har kommunestyret i møte 07.03.2012 godkjent reguleringsplan for Vinnestunet, gnr 78 bnr 9 m.fl. og gnr 77 bnr 8 m.fl.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa.

Klagen skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Jmf § 12-12 og § 1-9 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Klagen bør grunngjevast.

Verknaden av godkjend reguleringsplan framgår av § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alt arbeid og alle tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Det vert elles vist til kapittel 15 om innløysing og erstatning. Krav om erstatning eller innløysing som følgje av reguleringsplanen må vera sett fram skriftleg til Fusa kommune innan 3 år frå denne kunngjeringa.

Grunneigarar og naboar som grensar til planområdet vert varsla ved eige brev.

Snarvegar:

Publisert av Inge Kaldestad. Første gong publisert 19.04.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30