Godkjend reguleringsplan for Steinuttak Dale, på Dale

Kommunestyret har i møte 03.10.2012 godkjend reguleringsplan for Steinuttak Dale, gnr 16 bnr 2, 3, 5 og gnr 15 bnr 6 på Dale.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa. Klagen skal stillast til fylkesmannen, men sendast til postkasse@fusa.kommune.no. Eller til Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Jmf. § 12-12 og § 1-9 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Klagen bør grunngjevast.

Verknaden av godkjend reguleringsplan går fram av § 12-4 i plan- og bygingslova. Planen er bindande for alt arbeid og alle tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Det vert elles vist til kapittel 15 om innløysing og erstatning. Krav om erstatning eller innløysing som følgje av reguleringsplanen må vera sett fram skriftleg til Fusa kommune innan 3 år frå denne kunngjeringa.

Reguleringsplan (PDF, 2 MB)
Føresegner (PDF, 15 kB)
Skildring m/ KU og ROS-analyse (PDF, 16 MB)

Publisert av Inge Kaldestad. Sist endra 23.11.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30