Framlegg til nye barnehagevedtekter - høyring

Formannskapet  vedtok 23.11.2016  å leggja framlegg til endringar i vedtekter for barnehagane i Fusa kommune ut på høyring i seks veker. Frist for å koma med merknader: 16.01.2017. Bruk digitalt skjema for høyringsuttale og oppgi saksnummer 16/2575.  

Bakgrunn for endringane

Det er kome endringar i Lov om barnehager som gjer at Fusa kommune må oppdatera vedtektene. Endringane omfattar mellom anna barn sin rett til medverknad og utvida rett til barnehageplass. 

Formannskapet vedtok 23.11.2016 at Fusa kommune skal ha to barnehageopptak i året, med søknadsfrist 01.03. og 01.10. Denne endringa er med i forslaget til nye vedtekter. 

Det er òg ein del praktiske og formelle tilhøve som må rettast opp. 

Høyringsdokument

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.12.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30