Framlegg til kandidatar til senior- og funksjonsrådet

Har du lyst til å vera representant i felles råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne? Har du framlegg til andre kandidatar for valperioden 2015-2019? Ved val av representantar til råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne har både organisasjonane deira og andre rett til å koma med framlegg. Send framlegg til kandidatar til postkasse@fusa.kommune.no eller per brev til Fusa kommune, Ordføraren, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen innan 03.11.2015.

Samansetjing og oppnemning

Kommunestyret har gitt vedtekter for samansetjing av, og arbeidet i, rådet. Rådet skal ha sju representantar med minst to vararepresentantar som vert utpeika av kommunestyret.

Seniorar og funksjonshemma sine organisasjonar sender forslag til representantar i forkant av oppnemninga. Ein skal søkja breiast mogleg representasjon frå brukarorganisasjonane.

Minst to representantar skal også vera kommunestyremedlemer. Leiar og nestleiar for rådet vert utpeika av kommunestyret. Oppnemninga av medlemer skal gjelda for kommunestyrevalperioden.

Formål

  • Seniorar skal sikrast innverknad i alle saker som gjeld levekåra for eldre. 
  • Menneske med nedsett funksjonsevne skal sikrast open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er spesielt viktige for menneske med nedsett funksjonsevne.

Kom med framlegg

Send framlegg til kandidatar innan 03.11.2015:

  • per e-post til postkasse@fusa.kommune.no
  • per brev til Fusa kommune, Ordføraren, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

Utfyllande informasjon

Meir utfyllande informasjon er å finna i vedtekne retningslinjer for senior- og funksjonsrådet (PDF, 89 kB) og på sida til Rådet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30